|
Interessa for privat byggjefelt i Kjølsdalen er stigande Portal: Kjølsdalen krins |

Fleire har etterlyst framgangen med byggjing på Gilleshammer i Kjølsdalen. Interessa er aukande og snart tek ein avgjerd på korleis framdrfta skal skje. Utbyggarane Jan Eide og Svein Johnsen sender brev til Eid kommune om samarbeid for framføring av vatn til feltet. Pga krav om brannhydrant må det leggjast ned 250 m 100 mm rørledning som kommunen tek inn pengar for ved tilknyting og framtidig vassavgift. Eit positivt svar frå Eid kommune vil forsere utbyggjinga. Sjå reguleringskart over området på Eid kommune eller HER De kan også finne meir ved å gå inn på linkar og nyhende og bla ned til 12.04.2010 |
| (03.09.2010, 08:07) |
Bygdeprisen 2009 til Jan Snild Johansen Portal: Kjølsdalen krins |
Bygdeprisen for 2009 vart i går på bygdedagane gitt til Jan Johansen. På vegne av Jan tok Jannice Sundal i mot prisen sidan Jan var på ferie i Danmark. Trykk på
Bygdeprisen 2009 for å sjå diplomen. I tillegg fekk Jan Johansen ein kopp laga av Inge Gjuul.
 |
| (01.08.2010, 06:21) |
Boksleppet til Astrid Gilleshammer Portal: Kjølsdalen krins |
Mange møtte fram i gymsalen på Kjølsdalen skule då Astrid presenterte boka om Kjølsdalen krins.
Ein fekk servert både sang, musikk og mat. Mange nytta høvet til å kjøpe seg bok. Etter det som er fortalt, skulle ein ha 13 stk. Det såg ut for at salget gjekk strykande og Astrid som signerte bøkene - hadde teikn på skrivekrampe...
Bileta er tekne av Reidar Johnsen.

Olga og Dagfinn spelte brudeslått etter Søgni Kvien

God stemning i salen. Vi ser Åshild, Per Rolf og Nortunsjentene Målfrid, Jorunn og Ingrid |
| (29.07.2010, 22:27) |
Bygdedagane 2010 - litt presisering Portal: Kjølsdalen krins |
Ja i dag brakar det laust med aktivitetar i Kjølsdalen. Fyrst ute er saniteten med sin onsdagstur. Sjå meir på høgre side på skjermen.
Merk dykk Kirsebærhagen med ope hus frå kl 1800.
Merk dykk at flyfotobilete som skal vere med på utstillinga i samfunnshuset på fredag kan leverast inn på Kirsebærhagen i dag onsdag frå kl. 1600. Merk bileta på baksida!!! Under er eit bilete av gardane Nordbø og Lunde. Det er ikkje eit flyfoto, men teke av Jan Eide frå Kråkemyra.
 |
| (28.07.2010, 10:15) |
Bokslepp i Kjølsdalen Portal: Kjølsdalen krins |
Det står respekt av det arbeidet som Astrid Gilleshammer og hennar medhjelparar har gjort ved å få til ei etterlengta bygdebok for Kjølsdalen Krins. Vi får vone at alle som vil kjøpe, får boka. Det er sikkert fleire som alt har ringt Astrid og bestilt. Takk skal du ha Astrid!

Biletet er teke av Fjordabladet. Les meir HER |
| (26.07.2010, 08:09) |
Alltid nokon som prøver seg Portal: Kjølsdalen krins |

I dag tidleg dukka denne e-posten opp på maskina mi:
For å fullføre online.no web-mail-konto,
du må svare på denne e-posten umiddelbart og
Skriv inn ditt passord her ().
Denne meldingen er fra online.no kundeservice support
team, meldingssentralen til alle online.no e-postkonto eiere.
Vi er nå oppgraderer vår database og e-postkonto
senter Vi sletter alle ubrukte online.no e-postkontoer for å skape
mer plass for nye accounts.To hindre kontoen din fra å bli
lukket, må du oppdatere den nedenfor, slik at vi vet at
Det er en gave som brukes konto..... Les meir ved å trykke på overskrifta. Gje aldri opp passord etc. Språket skulle få nokon kvar til å forstå tullet.... |
| (13.07.2010, 06:12) |
Fjernundervisning - landbruksdep spreier feil informasjon Portal: Kjølsdalen krins |

På nettsidene tilLandbruks og matderpartementet kan ein lese FYLGJANDE Trykk og les.
Saka er heilt annleis. Våren 1991 arrangerte Måløy vg. skule eit kurs i landbruksrekneskap, vesentleg for kvinner. 20 personar var med og alle greidde kurset. Gulrota var at dei som greidde dette, fekk maskin (TIKI) + skrivar + modem til odel og eige. Lærar var Kåre Sundal frå Kjølsdalen som arbeidde ved Eid vg. Seinare kom Mo jordbruksskule og Langvin med. Brit Lundby hadde husdyrlære og Egil Loftesnes vart prosjektleiar i eit samarbeid med Akershus fylke. Det kan nemnast at ideen til rekneskapskurset kom frå Elin Leikanger i bil frå Kjølsdalen til Måløy saman med kasserar Reidar Johnsen og underteikna.
Ei av kvinnene som var med på kurset og greidde det, var frå Kjølsdalen krins.
Jan Eide |
| (10.07.2010, 08:39) |
Ein trist dag for krinsen. Portal: Kjølsdalen krins |

I Tavla i går kunne vi lese at det blir slutt med butikk i Kjølsdalen. Jan Johansen gjev seg.
Omsetninga har gått ned, og vi i krinsen bør ta inn over oss kvifor vi ville det slik.
Jan har gjort ein god jobb og har vore eit oppmuntringselement i kvardagen. Vi ynskjer han lukke til vidare.
mvh Jan Eide (leiar KKUL)
 |
| (09.07.2010, 06:59) |
St. Sunnivadagen 8 juli Portal: Kjølsdalen krins |

I dag er det Seljumannamesse. Dei fleste kjenner legenda om den irske prinsessa som slo seg ned i ei hole på øya Selja ved Stadt. Kanskje du har kjende på vitjing? Då vil ein tur til klosterøya vere ei god oppleving å ta med seg. Selje kommune legg ned mykje arbeid i informasjon om klosterøya. Les meir HER |
| (08.07.2010, 07:48) |
Sommar og bakterietid Portal: Kjølsdalen krins |

Bakteriar kan vere både gode og ikkje fullt så gode. Nokre kan til og med vere livsfårlege. Ved auka temperatur vil bakteriepopulasjonen auke. Med mykje reising og skifte av miljø kjem vi i kontakt med ulike bakteriar som vi ikkje er vande å handskast med. Det hjelper med å vere reinsleg. Det er ikkje utan grunn at ein av og til vaskar seg. For dei som vil vite litt meir, les
Link til artikkel om bakteriar
|
| (22.06.2010, 08:54) |
Staselege Quin Mary 2 ut fjorden 17.juni 2010 Bryggja.no |
|
| (18.06.2010, 08:53) |
Ytre Nordfjord turlag har oppdaga Kjølsdalen Portal: Kjølsdalen krins |
Tur til Dua
Søndag 20. juni har Ytre Nordfjord Turlag en fottur til Dua i Kjølsdalen.
– Dette er en kanonfin tur for familier med barn. Litt vått før en kommer oppover mot toppen, så ta på gode sko. Frammøte er ved skolen i Kjølsdalen og vi regner med å bruke
1,5 til 2 timer på turen opp på Dua, sier turleder Ronny Saltkjel. (saksa frå FJT i dag). Ronny har røter til Kjølsdalen - Sigrid og Oskar Gilleshammer var besteforeldrene hans.
Meir om Ytre.. |
| (18.06.2010, 08:27) |